Trovassløypa
Trovassløypa er ei løype som gjeng mellom hyttefelti ved Trovasstjønnane med rundløyper rundt Øvre Trovasstjønn samt om Breivasstaulen og Småliane. Tek ein utgangspunkt ved Grasbekk gjeng løypa opp bakkane mot Breivassvegen. Oppe ved Breivassvegen kjem ein inn på runden om Breivasstaulen og Småliane. Tek du til høgre passerar du Breivasstaulen og tek så til venstre gjennom skogen mot Svarttjønn og over til Vaddemobakkane, der du møter Drivarbekkløypa på høgre hand. Rundløypa fortset til venstre ned Vaddemobakkane. I botn av Vaddemobakkane kan du ta til høgre mot Nordskog hyttefelt eller fortsetje rett fram mot Småliane hyttefelt. Løypa mot Nordskog er rundløype som gjeng rundt Øvre Trovasstjønn. Frå Småliane gjeng løypa attende til Breivassvegen.
Lengde: 6 km. Lågaste pkt.: 710 moh. Høgaste pkt.: 780 moh.