Hyttedal løypa
Hyttedal løypa tek utgangspunkt i Breivatn Hyttefelt og endar i løypekrysset ved Breivasslidi. Løypa koblar på denne måten saman Breivatn Hyttefelt med resten av løypenettet. Undervegs frå Breivatn Hyttefelt passerar du Folatjønn før den bratte nedfarten til Løkin. Frå Løkin gjeng løypa langs myrane fram til Breivasslidi. Du kan her anten ta til høgre og fylje Breivassløypa i retning Breivasstaulen, eller du kan gå mot venstre i retning Stavatjønn.
Lengde: 2,3 km.